Martin - til minne.
Eit tilfeldig møte med folk frå Storsteinnes - på ein fjelltopp på ei gresk øy i 2005 - førte til kontakt med familie i Balsfjord som var blitt fjerne for oss.
Vår grein av familien reiste til Hardanger tidleg på 1920-talet.
Etter at farmor døydde, forsvann kontakten med familien nordpå.
Martin plukka opp tråden, tok kontakt og har sidan vore vårt band til familien i nord. Vennskap vart knytt, familien blei større.
Vi er takksame for at Aud og Martin kom til Hardanger i 2006, for det gilde slektstreffet i Balsfjord, for gode møte på Bjørnfjell og i Balsfjord der du viste oss bygda der farmor vaks opp.
Takk også for alle telefonsamtaler - der praten gjekk om daglegliv og nyhende og om smått og stort i slekta.
Våre tankar går til dei næraste. Det vil lenge vera eit tomrom etter slike som Martin, også her hos oss.
Liv Helena og Per Dagfinn
Astrid og Kåre
med familiar